![taco med blomer](/images/taco_hu44767bd8beb2c9f027f1e0403cabc1d3_1337669_500x0_resize_q50_box.jpg)
![bladlilje i stekepanne](/images/hosta_hu7e6a1bda64e7174c3837ba82c7194821_2982078_500x0_resize_q50_box.jpg)
Me produserer sunne, hardføre, fleirårige planter.
![maigul i plugg](/images/maigul2_hudedb9bbfe68006fb3763403e46cdba8b_386814_500x0_resize_q75_box.jpg)
Me har erfaring med produksjon av planter frå norsk villflora i plugg til store anleggsprosjekt.
Me hentar plantemateriale frå norsk flora og dyrkar ville artar på bestilling. Å dyrka planter frå den vakre norske floraen, gjer det mogleg å tilby hardføre planter som tåler den norske vinteren. Me leverer stadeigne planter og frø frå Vestlandet, Innlandet og Oslofjord-området, etter bestilling.
![frø av engsmelle](/images/froe_hu59433096a9426c0874abf5c82c30db8b_270289_500x0_resize_q50_box.jpg)
![aksveronika i blomst](/images/veronica-spicata_hu0d9ced1e3409f71ce6ec58b7f8f7f7a2_137319_500x0_resize_q50_box.jpeg)
![eng over badstova på sommerhotellet](/images/sommerhotelletbadstova_huf86c194e440a065390ee76660654d54b_1686197_500x0_resize_q75_box.jpg)
Me fortell historiar med planter.
Korleis vart planter i ditt nærområde brukte før i tida? Kva blir hageplantene dine brukt til i andre stader i verda? Me utformar hagar med kunnskap om etnobotanikk, bruksverdi, lokal flora og prydverdi. Me gjev deg råd til skjøtsel av hagen og bruk av plantene etter utplanting. Du kan sjå hagar me har planta ut hjå kundane våre Sommerhotellet i Vang og Fjærland Fjordstove Hotell.
![hage på Fjærland Fjordstove hotell](/images/fjordstova1_hu1892deaa075a9641ca32cbb52deb7330_2053485_500x0_resize_q50_box.jpg)
![hage på Sommerhotellet](/images/bladsommerhotellet_hu7af45c05e7eaab656aeab8d5fe153c59_197883_500x0_resize_q50_box.jpg)
![hage på Sommerhotellet](/images/sommerhotelletframme_hu070c67c5010894afc1641d08e0934273_1405516_500x0_resize_q50_box.jpg)
Me kjenner godt til naturens matskattar.
![turt som vart nett sanka](/images/turt_hu2ebc274057b531230226d45bf70fb5d9_433335_500x0_resize_q75_box.jpg)
Me sankar vill mat.
Me leverer vill mat til restaurantar i nærområdet vårt. Me delar også kunnskapen vår ved å guida grupper, halda kurs, workshop og føredrag.
![sjokolade laga av Tone Marie Log, Sjokoladenoter](/images/sjokolade2_hubab7e76f7b05ffbd6335f5ebf7b72dab_216223_500x0_resize_q75_box.jpg)
Me samarbeidar med lokale bedrifter som er ekspertar på smak.
På biletet: sjokolade med ville smakar, laga av Sjokoladenoter i Valdres.