Edimentals-hage, Fjærland Fjordstove Hotell
Fjærland Fjordstove fekk seg ein fargerik hage, der kvar blom ikkje berre bidreg til pryd, men også er etande. Hagen er del av hotellet si forteljing og oppleving for gjestene. Den var etablert i samarbeid med Hagebæret.
Fjellhage og blomstereng, Sommerhotellet, Vang i Valdres
Ein hage på Sommerhotellet byr på mange utfordringar, inkluderte harde vintrar og korte somrar. Difor planta me ville, hardføre planter som høyrer til i Valdres, og hardføre nytteplanter. Med korte somrar får ikkje alltid plantene tid til å blomstra; difor brukte me planter med særleg fint bladverk for å kunne tilføre ein dekorativ karakter til hagen.
Edimentals-hage på Jaunsen Gjestgjevarstad, Granvin (under etablering)
Hagen på Jaunsen Gjestegjevarstad har fokus på urter og fleirårige grønsaker, som rabarbra og vårlauk, til bruk på kjøkenet.
Plantefestival på Vevstogo
I 2022 var Plantemangfald medarrangør av Plantefestivalen på Vevstogo. Det vart ein vellukka dag med føredrag, vandring og sanking, pizza med ville vekstar og konsert.
Levering av planter til Klosterenga, Oslo
I 2023 leverte me tusenvis av ville vekster, til utplanting i annlegg i Klosterenga, Oslo. Meste parten vart levert i plugg mens resten vart levert som barrotplanter.