Guttorm Flatabø, gartnar og sankar

Guttorm Flatabø

Guttorm er produktet av ein far som er botanikar, ei mor som var rektor på gartnarskulen i Ulvik, og ein oppvekst i «permakulturhuset». Planter har for så å seia alltid vore ein stor del av livet hans. For nokre år tilbake slutta han som forskar på Vestlandsforsking og stifta mikrogartneriet Plantemangfald AS saman med Béatrice. Guttorm har vore ein motor for å utvida produkt og tenester selskapet byr på, noko som speglar hans mangfaldige interesse for planter.

Béatrice Bieuville, gartnar og sankar

Béatrice Bieuville

Béatrice er ein lidenskapelig sankar som lærte seg planteproduksjon hjå Ljono stauder. Ho er godkjend nyttevekstsakkyndig av Norges sopp- og nyttevekstforbund. Det å tilbringa så mykje tid i naturen til sanking gjev ho god innsikt i plantenes behov, og denne ekspertisen brukar ho til produksjon og utplanting av vekstar. Béatrice, som også er utdanna i kunst og i pedagogikk, er oppteken av alt det sensoriske i møte med planter, frå det visuelle og taktile til lukta og smaken… ho planlegg hagar som formidlar sanseopplevingar og etnobotaniske tradisjonar.

Geir Flatabø, botanikkar og plante- og frøsamlar

Geir Flatabø

Lege Geir Flatabø har sidan han studerte botaniske fag på UiO og vann TV-programmet Kvitt eller dobbelt i 1986, brukt fritida si på planter og (etno)botanikk. I 1986 vann han hovudpremien på emnet «nytteplanter blandt ville norske urter, busker og trær. Han har vore soppkontrollør like lenge, og er både sopp- og nyttevekstkyndig i regi av Norges sopp- og nyttevekstforbund. Geir er ekspert på norsk flora, norsk sopp, og dei fleste hageplanter brukt i Noreg. Han har samla frø og planter i mange år og har delteke i kartlegging av meir eller mindre sjeldne arter i Noreg.