Korleis kan du nyttegjere deg dei ulike plantene i naturen, kva blomar kan du ete i hagen, og korleis kan du lage ein grønsakshage som kjem att av seg sjølv år etter år? Dette er spørsmål som Plantemangfald AS ynskjer å gje svar på. Béatrice Bieuville og Guttorm Flatabø har mikrostaudegartneri i Ulvik i Hardanger og eit skulehus der ingen skulle tru at nokon kunne bu på andre sida av fjorden. Med nyttevekstkyndig sertifisering frå Norges sopp- og nyttevekstforbund, grøne fingrar og den etnobotaniske eksperten Geir Flatabø i bakhand jobbar me med hageanlegg med nytte og pryd hand i hand, ville norske vekstar, og ikkje minst sanking og matauk.

Strutseving vill mat på Fjærland Fjordstove Hotell

Produksjon av stauder, fleirårige grønsaker og Edimentals i potter

Treng du store mengder planter til annlegg? Me produserer mange arter på bestilling. Ellers reiser me til plantemarknadar fleire gongar ila. sommaren. Følg @plantemangfald på instagram for å få med deg kor me reiser!

Strutseving vill mat på Fjærland Fjordstove Hotell

Produksjon av norske ville arter i plugg og i potter

Kunnskap og erfaring innan sanking og botanikk kjem til nytte for å produsera sunne planter frå norsk vill flora. Me tek gjerne oppdrag med produksjon av stadeigne planter i strøken Oslo-Innlandet-Bergen. Me produserer også planter som ikkje er oppførte i plantelista vår, så tek gjerne kontakt om de treng fleire arter.

Strutseving vill mat på Fjærland Fjordstove Hotell

Hagedesign og -etablering

Me er opptekne av å etablera hager for framtida, dvs. at me brukar fleirårige planter (eller stauder). Me prøver i stor grad å bruka Edimentals, dvs. planter som har både pryd- og mateigenskapar, td. etande blomar.

Strutseving vill mat på Fjærland Fjordstove Hotell

Sanking av ville grønsaker

Om våren sankar me ville grønsaker til restauranter på Vestlandet. Ta kontakt om du ynskjer deg ekstralokalmat tidleg på våren! Me er sertifiserte nyttevekstkyndige av Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Strutseving vill mat på Fjærland Fjordstove Hotell

Kurs og foredrag

Béatrice, Guttorm og Geir brenner for å formidla det dei kan om planter, dvs. alt frå planteproduksjon til sanking og fermentering.