Desse blomane sel me no. Lista vert oppdattert regelmessig. Send gjerne ein e-post eller ta kontakt på telefon for å bestilla. Levering etter avtale, eller henting hjå oss i Ulvik i Hardanger.
Mjødurt,
Ferske blomar
490 kr / kg
Vill urt som kan brukast i alle slags dessertar og diverse drykkar som kombucha, mjød, saft. Av og til omtalt som “nordens vanilje”, men minner meir om mandel enn om vanilje.
Bergmynte,
Ferske blomar
60 kr / beger à 0,5 L (ca. 15 gr)
Vill urt som kan brukast som garnityr og som krydder. Passar særleg godt til fisk eller kvitt kjøtt.
Spansk kjørvel,
Ferske blad
60 kr / beger à 1 L (ca. 50 gr)
Liknar på lakris. Brukast både til søt og salt mat.
Ringblom,
Ferske blomar
60 kr / beger à 0,5 L (ca. 25 gr)
Kroneblad brukast i salat eller til pynt. Mild smak. Varierande farge, frå bleik gul til oransje.
Daglilje,
Ferske blomar
150 kr / beger à 1 L (ca. 50 gr)
Tydelig søt smak. Brukt som grønsak i kina, td. i suppe eller gryte. Veldig gode som lett steika grønsak. Blomane må varmebehandlast.
Agurkurt,
Ferske blomar
120 kr / beger à 0,5 L (ca. 15 gr)
Brukast som garnityr eller i salat.
Kjempespringfrø,
Ferske blomar
60 kr / beger à 0,5 L (ca. 15 gr)
Kjempesprinfrøblomar er milde på smak. Brukast som pynt på bakst eller hovedrett, ellers fine til bruk i salat og andre typar råkost. Fargen varierer frå nesten kvitt til intens rosa.
Geitrams,
Ferske blomar
80 kr / beger à 0,5 L (ca. 20 gr)
Brukast til garnityr eller til smak- og fargetilsetning i td. eddik.
Raud gauksyre,
Ferske blomar
60 kr / beger à 0,5 L (ca. 15 gr)
Lett syrlege. Ypperlig til sjømat eller dessert.