daglilje frå hagen vår

Me dyrkar etande blomar, fleirårige grønsaker, og ville planter.

Storparten av plantene våre har både pryd- og mateigenskapar, også kjent som «edimentals». Dei passar perfekt til å skapa din eigen opplevingshage, og er ypperleg eigna til permakultur og «no-till gardening».

Me produserer sunne, hardføre, fleirårige planter.

maigul i plugg

Me har erfaring med produksjon av planter frå norsk villflora i plugg til store anleggsprosjekt.

Me hentar plantemateriale frå norsk flora og dyrkar ville artar på bestilling. Å dyrka planter frå den vakre norske floraen, gjer det mogleg å tilby hardføre planter som tåler den norske vinteren. Me leverer stadeigne planter og frø frå Vestlandet, Innlandet og Oslofjord-området, etter bestilling.

eng over badstova på sommerhotellet

Me fortell historiar med planter.

Korleis vart planter i ditt nærområde brukte før i tida? Kva blir hageplantene dine brukt til i andre stader i verda? Me utformar hagar med kunnskap om etnobotanikk, bruksverdi, lokal flora og prydverdi. Me gjev deg råd til skjøtsel av hagen og bruk av plantene etter utplanting. Du kan sjå hagar me har planta ut hjå kundane våre Sommerhotellet i Vang og Fjærland Fjordstove Hotell.

Me kjenner godt til naturens matskattar.

turt som vart nett sanka

Me fortell historiar med planter.

Me leverer vill mat til restaurantar i nærområdet vårt. Me delar også kunnskapen vår ved å guida grupper, halda kurs, workshop og føredrag.

sjokolade laga av Tone Marie Log, Sjokoladenoter

Me samarbeidar med lokale bedrifter som er ekspertar på smak.

På biletet: sjokolade med ville smakar, laga av Sjokoladenoter i Valdres.