Slik lagar me frøkonvolutt med eitt A4-ark
No om hausten samlar me frø til neste vår, både frå hagen og frå naturen. Me samlar frø i Valdres, men også på Austlandet og Vestlandet på bestilling.
Frøa må tørkast og pakkast inn til oppbevaring. Det går fint å tørka frøa i ei skål, eller på avispapir for eksempel.
Me lagrar frøa gjennom vinteren i konvolutt, i eit tørt og kaldt rom. Frøkonvoluttene våre er laga av eit enkelt A4-ark, heilt utan teip/lim/stift.
Vil du printa det ut på A4, så kan du lasta ned instruksjonane i pdf her. I videoen under viser Guttorm korleis han lagar frøkonvolutt, etter ei oppskrift frå Geir Flatabø.
Videotekst
Slik brettar me frøkonvolutt med bare eitt A4-ark.
Etter å ha bretta arket på langs, brettar me den opne sida 2 gonger 1 cm inn. Så lagar me trekantar på kvar side. Brett fyrst, og skyv inn. Igjen: brett fyrst, og skyv inn.
Merk med artsnamn, innsamlingsstad og dato.
Du kan opna og lukka konvolutten slik. Et voilà!
13/10/2022