
Fleirårige planter frå Valdres
Plantemangfald AS produserer stauder i liten skala i Valdres. Stauder er fleirårige planter, det betyr at dei kjem att år etter år. Plantene er hardføre, mange er prydplanter og har spanande smakar. Nokre av plantene kjem i jord med vår eigen biokol som me brukar til jordforbetring og er eit positivt klimatiltak.

Edimentals: prydplanter du kan eta
Storparten av plantene våre har både pryd- og mat-eigenskapar. Mange har etande blomar, eller produserer blad som kan etast som grønnsak. Dei passar perfekt til å skapa din eigen opplevingshage.

Norske artar
Me produserer også planter frå norsk natur. Å dyrka planter frå den vakre norske floraen, gjer det mogleg å tilby hardføre planter som tåler den norske vinteren. Me leverer stadeigne planter frå Vestlandet, Innlandet og Oslofjord-området, etter bestilling.